Kompetent
faggruppe

Conplan AS er eit rådgivande byggingeniørfirma med kontorstad i Ulsteinvik. Vi har spisskompetanse innanfor fagfelta stål-, betong- og trekonstruksjon - og er leiande innanfor konstruksjonsteknikk på Søre Sunnmøre. Conplan har sentral godkjenning for ansvarsrett.

Hovudvekta av våre kundar er i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, men du finn oss på oppdrag i heile landet.

Selskapet vart stifta i 2005, og var tidlegare Lorgen Prosjektering AS. I dag er vi ei fin gruppe med fire sivilingeniørar og fem ingeniørar. Conplan er eigd av dei tilsette.