Cart 0

Kompetent
faggruppe

Conplan AS er eit rådgivande byggingeniørfirma med kontorstad i Ulsteinvik. Vi har spisskompetanse innanfor fagfelta stål-, betong- og trekonstruksjon - og er leiande innanfor konstruksjonsteknikk på Søre Sunnmøre. Conplan har sentral godkjenning for ansvarsrett.

Hovudvekta av våre kundar er i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, men du finn oss på oppdrag i heile landet.

Selskapet vart stifta i 2005, og var tidlegare Lorgen Prosjektering AS. I dag er vi ei fin gruppe med fire sivilingeniørar og fem ingeniørar. Conplan er eigd av dei tilsette. 


 

Verdiskaping

Med respekt for faget og med godt handtverk legg Conplan grunnlaget for varige verdiar i ein marknad som er prega av endringar og flyktige trendar. Vårt fokus er å gi kundane kvalitet, ein verdi som aldri går av moten. 

 

 
sergey-zolkin-21232-web.jpg